fredag 25. november 2011

Sab Nam – her we come!

Ved taxi-brusen vart me ståande å venta i nesten to timar før me kjørte. Det er nemlig slik at ein ikkje kjører før bussen er heilt fullt opp. Heime blei me møtt av den smilande Dadymanda som bærte bagasjen våras opp. Endelig er me heima, for fem månadar. Skal bli herlig å slå seg til ro og å komma inn i dei daglige rutinane, få det heimekoselig og bli kjent med lokalbefolkninga.

I Sab Nam består dagane våras av:
Arbeid på young centeret. Her består arbeidet av å leke og ha det morro. Ein så hærlig gjeng. Det som er mest utfordrande her er språket, men heldigvis kom det nokon som kunne litt engelsk etterkvart. Læring av gassisk spel, fiksing av hår og photo shoot. Når eg tok fram kamerat vart dei heilt galne. Så mange pousar som det har eg aldri sett før. Å slå hjul rundt hoppestrikk og dansing i midten for taparen, er noko som også er populært. Matlaging, styrketrening, hipp hopp dansing, song og handarbeid er noko av det me skal ha vidare framover med dei.

Som engelsklærarar
er poenget å få dei til å snakka. Storsett finner me på lekar og spel som inneberer dette. Stigespelet med engelske oppgåver, hengmann og fantasi er nokon av ideane me har hatt til no. Me ha to klassar. Den eine større enn den andre. Me merkar at det er krevjande å vere lærarar. Det treng mykje førebuing. Når dei i tillegg ligg på svært ulike nivå, er det vanskelig å finne oppgåver som passer til dei alle. Det er ofte vanskelig å få dei til å snakke, men med morsmålet sitt er det ingen problem. På nokon områder merka me at disiplinen er forskjellig frå skuleklassar i Noreg. Det er ein sjøvfølge at elevane vaskar av tavla og at ein står oppreist når me kjem. Noko som er litt spesielt er at når me førebur oss til timane våras sit me å ser ned på elevane våras. Me bur nemlig på området der skulen er. Dei kjem støtt og stadig oppom til oss for å låne ein volleyball/fotball eller basketball. Er litt sjenerte og stussar med å komme inn, men etter litt fnising i gangen banker dei på. Når me har fri og andre underviser dei, sitt dei ofte på verandaen våras. Dei tittar inn vindauget, mens me ryddar opp i rotet og lager middag.

I barnehagen er det sju klassar frå 2-10år i eitt bittelite bygg. Den første gongen me kom der hadde me med oss eitt heimelaga memori- spel. Gassiske ord og bilder til orda. Me hadde øvd oss på forhand slik at me kunne orda. Ja, me er på same nivå som barna. Barna hadde god disiplin, reiste seg opp og sa «god dag lærar» då me kom. Å lære dei «hode, skulder kne og tå» på engelsk, sette halen på grisen og å brette båt er noko me har gjort til no.
Når det gjeld døveskulen er det dagen for å slappe heilt av. Null stress. Det trengs verkelig ikkje noko førebuing til denne undervisninga, når me slepp å snakke gassisk. Ein engasjert gjeng, men litt dårlige taparar. Det vart leiking ute og inne. Det var så skjønt når elevar frå andre klassar kom inn av det blå og gidde oss klemmar. Ein fantastisk plass. Litt småord av teiknespråk lærer me frå dei innimellom.

KRISK, engelskklubb og studiedag er det me har utanom. På KRISK er det me som har ansvar for å sette dei i gang og ha andakt på gassisk. Det blir helst ball -sport, sidan dei ikkje er så begeistra for leikar. Andakten blir skreve ned og lest så godt som me kan få til. I tre timar held me på. Ved engelskklubben som er rett utanfor huset vårt er me tre gangar i veka. Me er så heldige som får vere ein del av dette fantastiske programmet og atmosfæren blant alle dei hyggelige folka. Lovsong og leik/ bibelstudiet/ eitt spesifikt tema er innhaldet for dei tre kveldane. Dette fellesskapet som ein har hær er heilt unikt. Barn frå 10år og oppover til over 20. Det einaste som er litt dumt er at det bare er dei same som snakkar om og om i gjen. Mange har for få ord til å få sagt det dei vil.

Kyrkja- våras andre heim
Gudstenesta på søndagen varte frå ni om morgonen til litt over eitt på føremiddagen. Midt under gudstenesta blir det sal av kaker. Nattverd og dåp foregår på same måte som i Norge, men sidan kyrkja er heilt stappfull av folk, går det ein del lengre tid. Når kunngjeringane kommer er det ikkje stille i kyrkja lengre. Folk pratar som om det ikkje skulle vart noko anna som foregjekk.
Etter gudstenesta er det kor frå tre til seks. Me bur rett og slett i kyrkja i helgene, og meir skal det bli. No når det nærmar seg jul blir det ekstra mykje øving til julekonserten. 24 songar skulle dei synge, og det var ikkje lov å ha med tekst. Me tenker å prøve å få det til, men det er langt i frå sikkert om det går. Godt me har privatlæraren Tomas. Me har vore med på ein konsert til nå og då var det tre songar med papira foran oss.

Serværdighetar:
Me besøkte dyreparken i Tana. Alle dyra var i bur, og det var ikkje lov å gå inn til dei. Men våras gode gassiske venn spurde fint om me kunne få komma inn til lemurane. Med litt etter-sjåing om nokon såg han, fekk me smette inn. Me gidde dei mat ved å dyppe fingeren i honning. Dei kom springande ut å slikka det av. Heilt fantastisk søte. Når me skulle ut igjen måtte vakta sjekke opp til fleire gongar om sjefen var komen. Me klarte å smyge oss ut, uten å bli sett.

Meir gassisk enn dette kan ein ikkje bli:
Eitt av måla våras for opphaldet vårt var å kjøpe og drepe ei høne. Lage middag av den og ete den etterpå. Me hadde Hellisoa med oss på markedet. Etter beina berte me vår kvar sin høna heim. Plutselig byrja dei å sprelle og gaula, me skreik. På kjøkkenet måtte det skje fort. Kniven over nakken. Blodet spruta over heile kjøkkenet. Nipping av fjæra, sortering av innvolane og filtering. Det vart laga kyllingsuppe med dei beina som det nesten ikkje var kjøtt på. Var godt, når ein ikkje tenkte på episoden tidligare.

Litt fleire opplevingar før avreise frå Antsirabe til Tana

Me skulle ha den siste veka med språkkurs. På måndagen var me klare til ein ettermiddagsøkt på skulebenken. Men tilfeldigvis kom den danske jenta som hadde føremiddagstimane forbi oss. Ho hadde fått vite at ho sko på reis til Tanzania. Sidan det var helligdag dagen etter (som me heller ikkje viste noko om) vart denne innesperra mellomdagen rett og slett blitt til ein fri dag. Ja det gjekk fint å omkoble hjernen til ein dag med bassenget og massasje frå ei gassisk dame som kom heim til oss om kvelden.

Humpe-titten teia !
Me måtte utnytte fridagen på det beste. Ved ei sjappe i nærleiken leigde me terrengsyklar til alle mann. Heldigvis for oss hadde me fått me oss utstyr. Det vart eitt tidlig stopp. Lite luft i det eine dekket førte til pumping. Men «push» sa det. Det var ikkje mangel på gassarar som ville hjelpe oss. Av med slangen og på med ny. Det tok ikkje lang tid før mannen som me hadde leigd syklane av også kom tilfeldigvis syklande frå den andre retninga med ein gjeng som han guida. Sidan gassarane ikkje fekk det heilt til, tok han overhand. Men gassarane ville ikkje slippe heilt taket for det om. Alle stod rundt fortsatt og bare haldt i dekket for å hjelpe til. Så det er ikkje farlig å sitte seg fast i ei knipe når det er så mange hyggelige og hjelpsame folk kor hen ein går. Me sykla vidare på sandete og stein- humpete vegar. Til vanleg er det norske tempoet ein del hakk raskare enn det gassiske, men her var det omvendt. Her hadde dei teknikken meir inne. Når me skulle stoppe for å ha ein koselig piknik måtte me bare stappe i oss maten i ein fei for så å sykle. Det kom barn stormande mot oss som vil ha. Sjølv om det er fristande å gi, veit me at det ikkje er lurt. For som oftast fortel ein at ein blir dårlig av maten og krev store pengesummer. Det er trist, men sant.
Ein guida runde rundt ein vulkan, med fullt av barn som følgde med oss. Svært hyggelige, men vart litt voldsamt på slutten då alle tok fram og ville få solgt tinga sine som dei hadde gjømt med seg.
På vegen heim starta det å pøs-regne. Med kvit singelett og shors sykla eg og såg ikkje ut då eg kom tilbake. Heilt brun prikkete framme og brune flater bak. Sjølv om det var to mil igjen tilbake, gjekk det raskt når me endelig kom på asfalten igjen.


 
Gospel koret i Antsirabe var ein ære å få vere ein del av. Så kult. Ein song i sju taktar, og dirigenten hadde lagt ein del av songane sjølv. I tillegg song dei nokon songar på norsk og var imponerande flinke. Grunnen til dette er at det til vanlig er norske eittåringar med i koret, som gir koret ein liten norsk glød.

Den siste dagen med gassisk undervisning kom Eduard ein heil halvtime for seint. Kvar dag hadde han sotte klar å venta på oss når me kom så me skjønte ikkje kva som skjedde. Men han kom, og grunnen hans kan me kalla gyldig. 11sider med repetisjon hadde han skreve til oss. Me fekk også ein gassisk ordbok som han hadde laga, der omtrent halvparten av orda starta på m. Han elskar verkelig språket sitt. Som ein takk laga me lappar med ris, og så måtte han få ein norsk sjokolade.

Silje og eg på nye eventyr.
Gjekk gjennom små byggefelt som var fylt med barn. Dei såg kamera vårt, og alle ville bli tatt bilde av. Var heilt galne, til slutt måtte me bare gå. Når me skulle gå heim igjen spurde me nokon om vegen for å vera på den sikre sida. Men det er ikkje sikkert på gassisk vis. Me blei vist feil veg, men heldigvis kom nokre av dei me spurte springande etter oss og beklaget seg veldig. Dei viste oss vegen, men hadde misforstått igjen. Gjennom smale sidegater gjekk me uten lykter og det byrja å bli særdeles mørkt. «Her er det» seier dei. Det var absolutt ikkje der me budde. Heldigvis følte dei oss tilbake igjen også, for den vegen hadde ikkje vore den smartaste vegen å gå aleine for to «vazaher». Det enda med at me måtte ta «posepose» heim. Stemningsfulle gater. Musikk i dei ulike gatehjørnene, masse folk, faklar og te-lys i bodene. Utanom at me var litt redde, er det verkelig flott å vere ute på kveldstid.

Me ville prøve ein ny løypa med syklane. Denne gangen hadde me med oss ein gassisk venn på tur, det gjekk dermed i gassisk tempo. Me tok raste-pause ved eitt vatn, der ein mann var på fiskejakt med spyd. Klar til å kaste. Når me kom fram bada me i varme kilder. Ikkje akkurat som forventa, men herlig for det om. Kom til eitt oppfylt badekar. Heimvegen gjekk seint. Me hadde nesten ikkje åte. Stakkar våras venn, han var så svolten at han bare heiv i seg mat då me kom til ein butikk, og tempoet vart på ein heilt anna levell der etter.





Våras innblikk frå misjonærane

På misjonærsenteret virker det som om det er eitt svært godt miljø. Kvar søndag er det kaffe i hagen med alle som bur der. Ein tek med litt kvar. Kaker, kjeks, kaffe og saft. Så mykje godt. Frå mi side vart det åte nok kaker her for heile opphaldet mitt på Madagaskar. .. Noko eg la merke til mens me sat å prata, var kor vaksne barna var og kor mykje kunnskap dei hadde inne. Dei snakka om at på det og det årstalet skjedde det og det, og dei nemnte til og med ord som eg ikkje bruker i dagligtalen min. Grunnen er nok at det ikkje er så mange jamn gamle norske barn, som igjen gjer at ein bruker meir tid i lag med dei vaksne.
MN- tid får avslapping og åndelig påfyll
Me kom med misjonærbilane til ein leirplass med stor hage og med gode tur- muligheitar. Denne plassen går
 rundt ved å gi folk frå gata plass å bu og arbeida, slik at dei har ein god muligheit til å tene til sitt livsopphald.

«Skatten i leirkaren» var temaet på den første bibeltimen. Det vart sagt at sannheit, kunnskap og evangeliet er kjernen i det kristne liv. Men det som er likså viktig er å gå i teneste gjennom Jesus, ved å leve nær han. Det står i bibelen: «Når eg er i godt mot er eg svak». «Det er ikkje så vanlig å tenkje på svakheit som ein god resurs. Men når folk formidlar om avgrunn frå sitt eige liv, får ein lettare tillit til dei. Troverdigheit, kjærleik og vennskap er stikkord som omhandlar dette. For å ha ein brennande flamme, må ein fylle opp leirkaret til ein kvar tid, viss ikkje går det tomt. Det er godt å vite at viss henda som held karet er stødige nok, gjer det ikkje noko om krukka er ustabil.

Når det gjeld «misjonær identitet», vil det sei å bringa noko nytt inn. Det som er viktig for misjonærar er å sjå det positive, unngå generalisering og ha gode relasjonar. Eitt flott døme på dette er ein mann som ikkje kunne lesa som var evangelist, og det voks rundt han. - Grunnen til dette var gode venner som hjalp han, og at han sjølv hadde trua på plass. Her på Madagaskar er det ikkje alltid like lett å finne ut om folk meiner det ein seie eller ikkje. Gassarar vil ikkje at me skal bli skuffa. På ein tur vart det spurt: Er det langt igjen? «ja», svarte han, litt etter spurte han igjen: «er me snart framme? «ja!». Dette gjer det vanskeligare å ha tillit til folk. Som misjonær er det viktig å krysse sine eigne grenser, det er slik kallet blir opna til nye horisontar.

Konfliktløysing er Bibelen stappfull av, og Jesus hamner stadig vekk i ein. Folk som føler seg forhindra eller frustrert av den andre er som oftast starten på ein konflikt. Men ein konflikt kan både ha positive og negative sider. Dei positive er at det virkar samtalande, gir identitet, energi og nødvendige endringar. Ordet kristen treng alle bokstavane. Slik er det også med oss. Alle er like viktige, sjølv om nokon lid meir enn andre. «Lidelsens smerter», står det mykje om i jobs bok. Livet er ikkje rett fordelt. Jobb vart prøvd på mange måtar, men når prøvelsane vart bestått, velsigna Gud han meir. Herren gav og Herren tok. Så seier han: «Har du gleda av å gjera urett?». Ein kjem ingen veg av å klage og av å sjå negativt på livet. Det er viktig at ein får smertene på overflaten, og ikkje bare skyver dei vekk. Dette kan Gud hjelpe oss med, viss ein bare er open om det, for Gud er ein personlig Gud.

Desse bibeltimane var til ein god påminning. Etter ein avslappande helg med mykje påfyll og morro, var me ett skritt nærmare å komme i gang med det daglige livet.

Den eine kvelden byrja det å pøsregne. Det dryppa ned frå taket. Lynet og tordenen hørtes ut som om det var nokon cm i frå oss.

Me hadde elles bålkos om kvelden med lovsang, bli kjent kveldar, natursti, grilling, gudsteneste før me reiste på søndagen.

Her er bilete av turen som me vare på i nærområdet





På Madagaskar veit ein aldri kva ein vil sjå.

Ein dag me var på veg frå bakeriet etter å ha kjøpt ferskt brød, såg me den same dama som me hadde sett på vegen bort, bare i ein litt annan anledning. Heilt naken stod ho midt i bilvegen, med ein stor haug av kler rundt seg. I ein bitteliten putt vaska ho seg. Ein anna dag såg me ho same dama sitte å skrive ein haug med bokstavar rundt seg med kritt midt på fortauet. Dette er ikkje eitt dagligdagssyn, men me ser mykje spesielt. Tiggarar som held oss fast for at me skal gi dei pengar, folk som sov kor som helst og damer som ammer barna sine til dei er i skulealder.
Vekkelsesmøter er heller ikkje unormalt å sjå her nede. Me høyrte det heilt innanfrå. Den voldsame musikken som kom utanfrå. Ein haug av skuleelevar, mindre barn, vaksne og gamle samla for å lovprise ute i det vakre gassiske landskapet. Forstod halleluja og amen, elles prata ein for fort til å få noko med seg.

Handlaga papir og silke. Interessant å sjå kor mykje arbeid det ligg bak eitt lite kort eller eitt sjal.

mandag 31. oktober 2011

Litt meir frå kvardagen i Antsirabe

 Å trykke på ein knapp for å vaske kler er det vanlige heima. Her er realiteten med ein litt annan  vri.                       



På tur rundt vatnet
Skillpadde i hagen.


På veg til den store labyrinten

Transportmiddelet «posiposy» bestemte me oss for å ta til stor- markedet. Dei såg me vurderte det, og kom alle mann. Me var omringa av ein haug av spreke mannfolk. Ja, då var det bare å velje og vrake. Eg kan tenke meg det må vere ein flott måte å sjekke opp velltrente mannfolk for gassiske kvinner ved å merka. Mannen våras sprang avgårde men sleit litt i oppoverbakkane. Eg prøvde å gjera meg lett der eg satt, men sannsynligvis til ingen nytte.  
På stormarkedet var det vanskelig å vite kor ein skulle starte. Det var så mykje å sjå. Kler, kjøkken- ting, sminker og mat. All slags å finne. Eg og Silje enda opp med å finna kvar sinn stråhatt.


Åndelig påfyll må til

Klokko seks om morgonen ringte det inn til gudsteneste. Dette seies å være den beste tida å gå. Ikkje overkommelig varmt, og ein er sikra at det heile er over på maks fira timar. Me stod opp med sola, og gjekk bort til kyrkja med gatene fulle av folk som var pynta i finstasen. Barn i brudepike-kjoler og elles mødre og fedre i flotte kler. Me blei møtt av engasjerte ungdom som delte ut "bibelvers nål" med sløyfa. Det var barna i kyrkja som laga underholdning så me ikkje sovna. Mange av barna hadde på seg "brudepikekjoler" og var så skjønne. Kyrkja var heilt full. Det var kjekt når me kunne kjenne igjen nokon sangmelodiar, og på toneleiet når presten snakka, kunne me hørre om det var bønn, preik, trovedkjenningane eller kunngjeringane. Når nattverda kom var det mange som sneik seg stille ut, slik at dei slapp kunngjeringane på ein time. Men me leste og koste oss og var der til det var ferdig.

Uteliv

Karokebarar fins det store mengder av på Madagaskar. Den første gongen me ville ut å prøva oss, var uten lykke. For det første blei me så vidt sluppen inn, og når me først kom inn ville dei ikkje gi oss lista over songar. Det var lite liv på eitt sjabbi sted, så me kom oss raskt ut igjen. Men dette gjore oss ikkje mette. Og takk å lov for det. Til slutt kom me til ein fantastisk stemningsfull plass. Rå musikk med sving, pardans og fri-dans på dansegolvet. Elles var det gassisk song på høgt nivå. Umulig å synge med, for orda var fletta inni kvarandre i eitt høgt tempo, men løye var det. Plutselig såg me eitt ord som me kunne. Når me skulle prøva oss på ein song me trudde var safe (på engelsk ved å merke) , vart det ikkje som me hadde trudd. Det var filmmelodien og ein tekst som me aldri hadde høyrt før. Me kom ikkje på den høgaste rangstigen for å sei det slik, og fant ut at neste gong blir det ein song som me kan heilt slik at det går uavhengig av lyrikken.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

søndag 30. oktober 2011

Tid for å bli meir gassiske -språkkurs i Antsirabe !

Me ser masse kvite folk. Ikkje så mange som roper «vaza» til oss, - dei er vant med turistar. Fleire norske barnefamiliar som går i lag på veg ut, og barn som leikar. Me kjem inn til leiligheten. Det er skikkelig golv, som ikkje gir raude fotavtykk etter maling. Me har varm dusj, dyner, peis og masse norske bilder og til og med ostehøvel i skuffa. Internett, donald duck blad og ingen kakelakkar å sjå -føreløbig. Det er nesten som å vera heima i Norge igjen. Me som skulle bli meir gassiske..


          Starten på dei tre vekene
Avslapping på høgt nivå. Første dag ved basseng kanten sidan annkomst på Madagaskar. Soling og bading uten like. Sitron i håret for å få lyse striper.  Det einaste negative var 5stirrande mannfolk frå resturangen, men slik må ein lære seg å ignorere, for slik kjem ein ikkje uten. Dagen vart toppa med ein fantastisk biffmiddag med fløtegratinertepoteter på hotellet med fyrtyrsteikte bananer til deser. Eg seier bare: Livet er hærlig! 


Videre til det seriøse
Salama, tompoko! Det er tid for å lære basic- ord, for å så lære grammatikk og setningsbygning. Alt er omvendt frå norsk med setningane snudd på hovudet. Svært like ord kjem ein ikkje uten «Vola (pengar), volo (hår), valo (åtta) og vala (gjerdet). Bare ein bokstav frå eller til. Miresaka miadana (å snakka seinare), mihinanan (å studere), mitsangana (å stå) er verb som setningane startar med viss det er i nåtid, men orda skiftar igjen når det er framtid og fortid. Sjølv om gassisk er eitt  logisk språk der alle ord har ein meining, er det ikkje lett å få det inn. Spesielt med den store overgangen frå ingenting skule til fire timar på skulebenken til dagen med språk som aldri har vore mi sterkaste sida.. Det vart mykje snacks for å komme seg gjennom timane, men det skyldtest ikkjæ læraren. Ein fantastisk engasjert  lærar med mykje kunnskapar til å lære frå seg. Alltid glad, og elskar språket sitt.

mandag 17. oktober 2011

Ein del av det nye livet

Å ta fatt i joggeskona
I Madagaskar er det verkelig ikkje ein kvardagskost å jogga. Folk som held på å miste bussen, eller har noko anna viktig ein må rekke, er nok det nærmaste ein kjem. Når eg og Silje skulle gå på joggetur om morgonen i marka, var det ikkje løye at me fekk ein del rare blikk og kommentarar når me i tillegg er kvithuda og blir lagt godt merke til. Det verste var at me ikkje heilt visste kor me skulle jogge hen, så plutselig kom me til vann-groper, eigendommar og møtte på folk som var midt oppi arbeidsøkta si med å dyrke ulike kornslag. Det var litt av ein labyrint me prøvde å finna oss fram i. Våras gode spenst måtte til når me måtte hoppe over store vassdrag på kryss og tvers. Herlig temperatur å jogge i når ein kjem seg opp tidlig nok om morgonen!

Massemord !
Ein kveld me kom heim og skulle lage mat, var ikkje alt som me trudde. Det titta fram ein etter ein. Kjøkkenet var fullt av kakerlakkar. Det var greit med dei små, men når dei gedigne kom fram frå sin skjule-plass, og i tillegg kunne fly vart beina tatt opp på stolane og insektspraya i handa vart tatt i bruk. To heile boksar med spray gjekk vekk på ein liten halvtime. Rommet vart fullt av gass, og me kom ut å herka som om me hadde fått ein kraftig KOLS. Dagen etter låg det minst 40 døde kakerlakkar strødd over på golvet og benken på kjøkkenet. Eitt oppdrag vellykka og fullført. Det gjenstår bare å sjå om det kommer like mange i begravelsen.

Gassisk mat
To tredjedelar ris. Tilbehøret er alt frå blad-stuing til kjøtt og sausar av alle slag. Me har blant anna smakt bønner i ein slags kokkussaus, ein stuing som lignar på mold, men alt godt. "Laoka" blir det kalt, (det som ikkje er ris). Dei fleste innfødte koker maten ute i metallgryter på kol. Å drikke det svidde vatnet frå den kokte risen var overraskande godt.


Ein dag i Tana                                                                                                                                                      Me hadde gått rundt ved markedet og opplevd livet i storbyen. Etter ei god stund, uten å merke noko såg Sigrun med ett tilfelle ned på buksa si. Ett kutt rett inn til huden i bukselumma. Mobilen hennas var forsvunnen. Det er fasinerande kor proffe ein er. Kipt var det, men verre ting kunne ha skjedd. Når me såg ein mobil som var heilt lik på hennas på heimvegen, vurderte me å gå å sjå på bakgrunnen. Det hadde vore litt humor viss me hadde funne han igjen som tjuvegods. Her fekk me ein lærepenge, at me må pass godt på tinga våre. Livet her er ikkje som Noreg!
På veg heim til Sabnam stoppa me for å kjøpe kost, feiebrett og bossbøtte. Vannfilter hadde me kjøpt tidligar. På rekke gjekk me med våre kvarsine ting. Viss me ikkje hadde fått blikk frå før av, fekk me det i alle fall no. Klokka byrja å nærma seg tid for engelsk.klubben, og det merka me meir enn som så. Til nærmare me kom, til fleire og fleire folk var me samla som skulle til samme plass. Når me hadde komt fram var det ikkje lengre me som bar varene sjølv, men gassarane. Dei er virkelig hjelpsomme. Ein merkar at det teller meir med gode vennskap i denne kulturen enn noko anna.


Det er lov å være litt turist også
Me bestemte oss for å gå å sjå palasset til Oscar Rova Ambohimanga. Det tok 3timar å gå bort, (ved å merka i ett gassisk tempo). I ett norsk tempo hadde me kanskje brukt ein og ein halv time. Me gjekk opp igjennom fjellet, og passerte fleire landsbygder før me kom til bilettsjappa. Prisforskjellen her på innfødte og oss var sjokkerande. Me kunne ikkje anna enn å le. Ikkje det at det var dyrt, men for ein gassar kosta det 200ariar for å komme inn, mens me betalte 7000ariar. Når me kom på toppen, såg me over heile Sabnam.

Gassisk kor, korleis er det?
Me joina det gassiske ungdomskoret i Sabnam. Litt seint kom me, men dei første var me fordet. Når det hadde gått ein time byrja det å samle seg opp med folk. Me lærte sangar på gassisk og fransk. Læremåten var å synge tonearten for å lære melodien, før ein lærte lyrikken. Det var underholdning i seg sjølv med bruken av keybordet. Bruken av takten på keybordet med trommer, gjorde det nesten umulig for koret å synge i rett takt.

Flaks eller uhell
Etter ein morosam spelekveld med naboguttane den siste kvelden på Sabnam før språkkurs, hadde me problem med låsen til rommet. Låsen hadde gått i vrange. Nøkkelen gjekk bare rundt og rundt. Det enda med at me måtte slå opp døra, men ikkje nok med det. Når me skulle kjøre dagen etterpå. Etter å ha stabla heile flyttelasse innpå ett anna rom, klarte taxi- sjåføren å komme nedi med bensinpotta så heile potta datt av. Dette er lett med litt uforsiktig kjøring og humpete veg. Stakkar. Med "vaza" inne i bilen i tillegg (utlendingar), gjore det ikkje saken bedre. Det samla seg masse folk rundt, til og med motkjørande taxi-sjåfør med full bil stoppa. Litt stressa kjørte han uten potta, med ein lyd som overdøvte alt. Me såg på heile han at han ville komme seg fortast mulig fram. For det å ha ein grei bil har ein del å sei for gassarane. Me ser aldri ein skitten bil på gata.

Taxi- brusen på veg til Ansirabe for språkkurs
Bagasjen vart heven opp på taket. Eg satt på ett sete som vunga fram og tilbake kvar gang det kom ein sving. Høg stemningsmusikk var på, og me satt tett. Koselig!! Me kjørte forbi brunoransje fossar, marker i trappfasong, Når bussen stopper stårmer det folk mot vindauget med korger på hodet for å prøve å selle ting. Dei opner vindauga og gjer alt for å få nokon kroner. Me kjører forbi ein kvit mann med kamera som står midt mellom ein haug av gassarar. Klær tørkes alle mulige plassar. Ein motorsykelist med kona og eitt lite spebarn i handa suste forbi. Ein anna kom syklande med ein liten på rattet. På endestasjonen samla det seg så mange gassarar at me nesten ikkje kom oss ut. Alle ville gi oss transport. Me kjørte med "Kinga", ein litesn rask bil til misjons centeret, kor me ska befinna oss dei tre nye vekene.  

















søndag 9. oktober 2011

Starten på ein ny verden

Me ser svære fjell ved Alpene, glimt av øyer i Middelhavet, og kystlinja til Afrika. Det er sand å sjå. Frå blå himmel til rosa. Plutselig var alt mørkt. Dette er afrika- time. 

Ein herlig temperatur møtte oss når me tok dei første skritta ut på den eventyrlige øya. Inne på flyplassen møter det oss ein nesten ulevelig varme, med ein kø som nesten ikkje går fram. Ja, tolmodighet er noko me må lære oss! Utanfor står gassarane klare til å hjelpe oss med bagasjen, i håp om å få nokon kroner for det.


Ved å kjøre gjennom humpete, smale sandvegar, kjem me til Sabotsv Name Hana der me skal bu. Alt var stille når me kom fram i tolv- tida om kvelden, sjølv om det bur andre ungdommar der. Bare bjeffing. lyd av gresshopper og andre snåle lydar var tonar som gjentok seg igjen og igjen før me sovna inn under himmelsenga, med andre ord myggnettet som det også går an å kalle det.


 
Første dagen i Sabotsv Namehana, var dagen for å sove frampå. Kokka seks vakna me opp av eitt heilt lyst rom, gjess som skvaldrar, og folk som sprang i korridorane. Lysvakne. Me byrjar å skrattle når me ser kva klokka er. Folk er i full sving, barna leker og foreldra jobbar. Fanging av høner, og litt av kvart. 


Ein vakker solskinnsdag skulle me sitte oss ute i den ydilliske hagen vår for å lese. Me satt oss i den andre enden av hagen enn gjessene oppholdt seg på. Men eg spretter opp nesten med det same, og hyler til. Gåse- mora kjem i den farta mot meg, biter og klenger seg til meg for å skubbe meg vekk. Ja, eg trur me må jobba litt meir for å behalde venskapet som me trudde me hadde !


Her er gjessa i sin fine morsrolle.


Mitt eige lam i hagen, som eg alltid har ønska meg sidan eg var liten.
Livet i sentrum av Sabotsv Namehana var ein god miks av plystring, tuting og bode-snakk. Mødre kom gåande med ammande spedbarn, kurver på hovudet og fulle sekker av salsvarer. Barn gjekk hand i hand i uniform, sprang og hoppa som barn skal gjera. Men me såg også barn som arbeida og var fulle i gjørme, med seriøse fjes og fillete kler. Folk såg enten ned eller såg veldig på oss når me gjekk forbi. Og nokre haldt på å krasje med alt dei hadde i henda sine. Nokon smilte og vinka, mens andre var seriøse. Alle med ein bakgrunn som me ikkje kan tenkja oss til. Sandet gater, og høyr; der kom torneveret, og det varte ikkje lenge før det starta å torna også. Og tru det eller ei, dette var den første dagen med regn dette året!! Bringer me ikkje lykke?  

Varme dagar der ein held på å svette vekk, til plutselig regn og overskya er heilt normalt, men det pleier aldri å komme så tidlig på året. Eg har heller aldri sett så mange rare kombinasjonar av regnhette: badehette, posar, planker er nokon av dei kreative forslaga.

Engelsk- klubben
07.10.11. var første kveld ved engelsk- klubben. Alle reiste seg opp når me kom inn, me var litt seine... Litt pinelig, men dei var så glade for at me kom, sjølv om me øydela samtalen. Dei flytta seg bak og laga plass til oss i ringen, og byrja med ein presentasjonsrunde. Småe barn kom inn innimellom kviskra og fnisa. Ungdommane var svært beskedne, men etter kvart gjekk samtalen igjen. Før me gjekk måtte me ta ein helse runde på alle samen. Dette er vanlig å gjer før ein går. Ein hærlig gjeng som me gleder oss til å bli betre kjent med!

Transportmiddel
Ein vanlig busstur (taxi be) i Madagaskar er ein oppleving i seg sjølv. Setene var maks 30cm breie, og i midtgangen var det vipp opp seter. Så kvar gong nokon skulle av, måtte den som satt i midtgangen reise seg opp og gi plass for av-stigande. Høg lyd av musikk suste i lufta som litt meir enn bakgrunnsmusikk. Sniking i trafikken og råkjøring der det var mulig. Pengar blei sendt bak igjennom folkemengden til dei ansvarlige.

Me såg tre stykk kjøre forbi oss før me kom oss på ein sjølv. På den tida såg me folk som stod bakpå taxi- be`ane mens sjåføren kjørte, sidan det var heilt fullt. Som du sikkert skjønar er ikkje taxi- be àne alt for store, men kjører ofte. Dette er transportmiddelet som me skal bruke framover. 




Basketball på kveldstid
Me joyna tre gassarar. Dei var ganske låge, og me ganske høge. Det er ikkje tull når eg seie at me måtte bøya oss til knehøyde for å ha ein sjangs til å få fatt i ballen. Men raske var dei og, og teknikken hadde dei på plass, så me fekk verkelig kjørt oss.. Det vart mykje latter fra begge kantar. Sjølv om me ikkje forstod så masse, klarte me å ha ein grei komunikasjon og forstod at dei ville spela igjen dagen etter.


Nokon andre som spelte på dagtid. Baskettballbanen er i god bruk.


Dei siste dagene heime


Laurdagen før avreise gjekk det verkelig opp for meg; EITT HEILT HALVÅR VEKKE FRÅ FAMILIE OG KJENTE!!! Avskjedsfest med «god tur» kake og fantastiske folk. Heima vart det planlegging av julafta, då fekk eg dei til å skifte tema fort. Ei kom på døra med verdas beste heimelaga presang. Ulike brev for kvar månad under oppholdet. Etter mange adjos og tårer i augene, var eg og team-maten min klare for nye eventyr. Whææ!!! Adjø Noreg.