Klokko seks om morgonen ringte det inn til gudsteneste. Dette seies å være den beste tida å gå. Ikkje overkommelig varmt, og ein er sikra at det heile er over på maks fira timar. Me stod opp med sola, og gjekk bort til kyrkja med gatene fulle av folk som var pynta i finstasen. Barn i brudepike-kjoler og elles mødre og fedre i flotte kler. Me blei møtt av engasjerte ungdom som delte ut "bibelvers nål" med sløyfa. Det var barna i kyrkja som laga underholdning så me ikkje sovna. Mange av barna hadde på seg "brudepikekjoler" og var så skjønne. Kyrkja var heilt full. Det var kjekt når me kunne kjenne igjen nokon sangmelodiar, og på toneleiet når presten snakka, kunne me hørre om det var bønn, preik, trovedkjenningane eller kunngjeringane. Når nattverda kom var det mange som sneik seg stille ut, slik at dei slapp kunngjeringane på ein time. Men me leste og koste oss og var der til det var ferdig.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar