Karokebarar fins det store mengder av på Madagaskar. Den første gongen me ville ut å prøva oss, var uten lykke. For det første blei me så vidt sluppen inn, og når me først kom inn ville dei ikkje gi oss lista over songar. Det var lite liv på eitt sjabbi sted, så me kom oss raskt ut igjen. Men dette gjore oss ikkje mette. Og takk å lov for det. Til slutt kom me til ein fantastisk stemningsfull plass. Rå musikk med sving, pardans og fri-dans på dansegolvet. Elles var det gassisk song på høgt nivå. Umulig å synge med, for orda var fletta inni kvarandre i eitt høgt tempo, men løye var det. Plutselig såg me eitt ord som me kunne. Når me skulle prøva oss på ein song me trudde var safe (på engelsk ved å merke) , vart det ikkje som me hadde trudd. Det var filmmelodien og ein tekst som me aldri hadde høyrt før. Me kom ikkje på den høgaste rangstigen for å sei det slik, og fant ut at neste gong blir det ein song som me kan heilt slik at det går uavhengig av lyrikken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar