tirsdag 3. april 2012

Tilbake til Sab Nam

















Invitert av elevane våre på fotballkamp. Blei godt inkludert. Fekk tatt team- bilde med lags-trøya deira på. Var løye å sjå forskjellen på korleis dei spelar fotball i forhold til heime i Noreg. Ikkje så mykje sentring, men meir rett i mål.



 Piknik og ute på eventyr



Nyttårsfeiring med koret vårt. Lærte dei norske spel, åt gassisk mat, hadde gassiske lekar og såg bilder og filmar frå julekonserten. For ein godgjeng!

 
       Læring av norske spel

Allsang er alltid god stemning.
 Store porsjonar med ris..
                   Kven er sterkast?

tirsdag 31. januar 2012

Ein impulsiv tur

Etter innfield skulle eg, Silje, Maria og Sigrun vera igjen nokon dagar i Kenia. Men det viste det seg at to andre jenter frå Hald også skulle. Dei skulle besøke eitt barneheim. Trekvarter før dei skulle dra, vart eg spurd om å bli med. Eg heiv noko med meg og der var me på veg på nye eventyr. Nett som det skulle vore meg og Silje. Få opplysningar men eventyrlystne

Seint på kvelden kom me fram, men blei møtt av ein lykkelig lærarstab. Dei hadde ordna til kvelds til oss med varm te, ris og tilbehør. Kom med varmt vatn i ein stamp, så me kunne vaska henda før me åt. Etter dei hadde presentert seg og holdt oss med selskap mens me åt, vart ho eina med oss ned for å vise oss senga våras. Me blei sittande på sengekanten å prata, før ho ba ein kveldsbønn og gidde oss gode klemmar, smil og latter. -Ein hærlig atmosfære frå første stund.

Skulen låg langt i frå alt. Derfor var me så heldig å få motorsyklar som vårt flotte framkomstmiddel på dei humpette og sandette vegane når me skulle gå rundt for å besøke andre skular.

 






























KENIA- tid for innfield !

Endlig skulle me få møta hald- gjengen igjenn. Glede! Samme dag som me kom frå Ifaty reiste me til Kania. Der møtte det oss europeiske flotte og beine veger. Og på misjonscenteret der me skulle bu var det særdeles norskt. Folk snakka engelsk, som var veldig rart. Var vanskelig å stilla om frå gassisk, så eg brukte fleire gangar gassiske ord når eg skulle sei takk eller unnskylde meg. Men kjekt var det å møte alle igjenn, få nye innputt, dele opplevingar og ikkje minst fere på afrikansk safari.  

Her er connect gjengen samla med eitt utsiktspunkt.
 Me var også å såg på baby elefantar og crasy apekattar som klatra inni bilane, tok viktige papirer og slost om kvarandre. Før eg visste dette ville eg såklart helse på ein av apekattane. Lurt Marte! Det var rett før eg vart ein finger fattigare.

Ved Mathare slummen, og centeret som jobber for å hjelpe heimplassen sin
Fire av studentane frå hald jobber i denne slummen. Me for derfor på eitt lite besøk. Sterke inntrykk. Ein ting var å gå gjennom der, men me fekk også komme inn til ein familie og fekk høyre om deira fortid, framtid og håp. Men det positive inntrykke eg fekk av å gå gjennom slummen var at alle var så glade. Sjølv kor lite dei har, er dei rike på andre områder. Me har så mykje å lære. Dette gjeld også dei frå matharecenteret. Eg ser virkelig opp til dei som jobber der. Dei har klart å komme seg ut av fattigdommen, men vil alikevell bu der og hjelpe heimplassen sin. Med håp og tro kan ein komme langt. Om nokon år vil slummen kanskje ikkje lengre eksistere er deira tankegang.