Å ta fatt i joggeskona
I Madagaskar er det verkelig ikkje ein kvardagskost å jogga. Folk som held på å miste bussen, eller har noko anna viktig ein må rekke, er nok det nærmaste ein kjem. Når eg og Silje skulle gå på joggetur om morgonen i marka, var det ikkje løye at me fekk ein del rare blikk og kommentarar når me i tillegg er kvithuda og blir lagt godt merke til. Det verste var at me ikkje heilt visste kor me skulle jogge hen, så plutselig kom me til vann-groper, eigendommar og møtte på folk som var midt oppi arbeidsøkta si med å dyrke ulike kornslag. Det var litt av ein labyrint me prøvde å finna oss fram i. Våras gode spenst måtte til når me måtte hoppe over store vassdrag på kryss og tvers. Herlig temperatur å jogge i når ein kjem seg opp tidlig nok om morgonen!
Massemord !
Gassisk mat

Ein dag i Tana Me hadde gått rundt ved markedet og opplevd livet i storbyen. Etter ei god stund, uten å merke noko såg Sigrun med ett tilfelle ned på buksa si. Ett kutt rett inn til huden i bukselumma. Mobilen hennas var forsvunnen. Det er fasinerande kor proffe ein er. Kipt var det, men verre ting kunne ha skjedd. Når me såg ein mobil som var heilt lik på hennas på heimvegen, vurderte me å gå å sjå på bakgrunnen. Det hadde vore litt humor viss me hadde funne han igjen som tjuvegods. Her fekk me ein lærepenge, at me må pass godt på tinga våre. Livet her er ikkje som Noreg!

Det er lov å være litt turist også

Gassisk kor, korleis er det?
Me joina det gassiske ungdomskoret i Sabnam. Litt seint kom me, men dei første var me fordet. Når det hadde gått ein time byrja det å samle seg opp med folk. Me lærte sangar på gassisk og fransk. Læremåten var å synge tonearten for å lære melodien, før ein lærte lyrikken. Det var underholdning i seg sjølv med bruken av keybordet. Bruken av takten på keybordet med trommer, gjorde det nesten umulig for koret å synge i rett takt.
Flaks eller uhell
Etter ein morosam spelekveld med naboguttane den siste kvelden på Sabnam før språkkurs, hadde me problem med låsen til rommet. Låsen hadde gått i vrange. Nøkkelen gjekk bare rundt og rundt. Det enda med at me måtte slå opp døra, men ikkje nok med det. Når me skulle kjøre dagen etterpå. Etter å ha stabla heile flyttelasse innpå ett anna rom, klarte taxi- sjåføren å komme nedi med bensinpotta så heile potta datt av. Dette er lett med litt uforsiktig kjøring og humpete veg. Stakkar. Med "vaza" inne i bilen i tillegg (utlendingar), gjore det ikkje saken bedre. Det samla seg masse folk rundt, til og med motkjørande taxi-sjåfør med full bil stoppa. Litt stressa kjørte han uten potta, med ein lyd som overdøvte alt. Me såg på heile han at han ville komme seg fortast mulig fram. For det å ha ein grei bil har ein del å sei for gassarane. Me ser aldri ein skitten bil på gata.
Taxi- brusen på veg til Ansirabe for språkkurs

Gøy å lesa Marte! :D og veldig kjekt å høyra litt frå deg i går:) kos deg vidare!! Klem frå Synnøve
SvarSlettKjekt å lesa om deg Marte ,du e goe !Klem frå mammå di
SvarSlett