tirsdag 27. september 2011

Tida flyr !


På hald er eg samle med 70 andre studentar frå 17 ulike land. Dette gir oss gode diskusjonar, og nye innblikk av ting. Me har mykje å læra av kvarande. Det er fantastisk å vera med menneske som er inspirert til å gjera verda til ein betre plass å bu i. Det å bu så tett inn på kvarandre i leke, spel og vanlige samtalar og handlingar har gitt meg masse. Me er frå ulike land, og ser forskjellige ut, men er likevel så like.

På skulen har me til no fått undervisning i bistand, misjon og ledelse, kultur, språk og generelle utfordringar. Ting me har gjort utanom er overnattingar ute i skog og mark med bålkos, badtaste-  party, vaffel- disco, bading med full påkleding, lovsongs kveldar og kor -  berre for å nemne noko.

6 veker på Hald er no snart over, og det er tid for avreise til Madagaskar. Om ei veka sitter eg på flyet. Eg kommer til å savne den flotte gjengen på Hald, men er også svært klar for å reise ut. Eg ser fram til nye opplevelsar i eitt nytt land. Lære språk, gå i skjørt, ete gassisk mat og møte nye menneske.  

Følg meg gjerne gjennom mine dagar i Madagaskar.