mandag 31. oktober 2011

Litt meir frå kvardagen i Antsirabe

 Å trykke på ein knapp for å vaske kler er det vanlige heima. Her er realiteten med ein litt annan  vri.                       



På tur rundt vatnet
Skillpadde i hagen.


På veg til den store labyrinten

Transportmiddelet «posiposy» bestemte me oss for å ta til stor- markedet. Dei såg me vurderte det, og kom alle mann. Me var omringa av ein haug av spreke mannfolk. Ja, då var det bare å velje og vrake. Eg kan tenke meg det må vere ein flott måte å sjekke opp velltrente mannfolk for gassiske kvinner ved å merka. Mannen våras sprang avgårde men sleit litt i oppoverbakkane. Eg prøvde å gjera meg lett der eg satt, men sannsynligvis til ingen nytte.  
På stormarkedet var det vanskelig å vite kor ein skulle starte. Det var så mykje å sjå. Kler, kjøkken- ting, sminker og mat. All slags å finne. Eg og Silje enda opp med å finna kvar sinn stråhatt.


Åndelig påfyll må til

Klokko seks om morgonen ringte det inn til gudsteneste. Dette seies å være den beste tida å gå. Ikkje overkommelig varmt, og ein er sikra at det heile er over på maks fira timar. Me stod opp med sola, og gjekk bort til kyrkja med gatene fulle av folk som var pynta i finstasen. Barn i brudepike-kjoler og elles mødre og fedre i flotte kler. Me blei møtt av engasjerte ungdom som delte ut "bibelvers nål" med sløyfa. Det var barna i kyrkja som laga underholdning så me ikkje sovna. Mange av barna hadde på seg "brudepikekjoler" og var så skjønne. Kyrkja var heilt full. Det var kjekt når me kunne kjenne igjen nokon sangmelodiar, og på toneleiet når presten snakka, kunne me hørre om det var bønn, preik, trovedkjenningane eller kunngjeringane. Når nattverda kom var det mange som sneik seg stille ut, slik at dei slapp kunngjeringane på ein time. Men me leste og koste oss og var der til det var ferdig.

Uteliv

Karokebarar fins det store mengder av på Madagaskar. Den første gongen me ville ut å prøva oss, var uten lykke. For det første blei me så vidt sluppen inn, og når me først kom inn ville dei ikkje gi oss lista over songar. Det var lite liv på eitt sjabbi sted, så me kom oss raskt ut igjen. Men dette gjore oss ikkje mette. Og takk å lov for det. Til slutt kom me til ein fantastisk stemningsfull plass. Rå musikk med sving, pardans og fri-dans på dansegolvet. Elles var det gassisk song på høgt nivå. Umulig å synge med, for orda var fletta inni kvarandre i eitt høgt tempo, men løye var det. Plutselig såg me eitt ord som me kunne. Når me skulle prøva oss på ein song me trudde var safe (på engelsk ved å merke) , vart det ikkje som me hadde trudd. Det var filmmelodien og ein tekst som me aldri hadde høyrt før. Me kom ikkje på den høgaste rangstigen for å sei det slik, og fant ut at neste gong blir det ein song som me kan heilt slik at det går uavhengig av lyrikken.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

søndag 30. oktober 2011

Tid for å bli meir gassiske -språkkurs i Antsirabe !

Me ser masse kvite folk. Ikkje så mange som roper «vaza» til oss, - dei er vant med turistar. Fleire norske barnefamiliar som går i lag på veg ut, og barn som leikar. Me kjem inn til leiligheten. Det er skikkelig golv, som ikkje gir raude fotavtykk etter maling. Me har varm dusj, dyner, peis og masse norske bilder og til og med ostehøvel i skuffa. Internett, donald duck blad og ingen kakelakkar å sjå -føreløbig. Det er nesten som å vera heima i Norge igjen. Me som skulle bli meir gassiske..


          Starten på dei tre vekene
Avslapping på høgt nivå. Første dag ved basseng kanten sidan annkomst på Madagaskar. Soling og bading uten like. Sitron i håret for å få lyse striper.  Det einaste negative var 5stirrande mannfolk frå resturangen, men slik må ein lære seg å ignorere, for slik kjem ein ikkje uten. Dagen vart toppa med ein fantastisk biffmiddag med fløtegratinertepoteter på hotellet med fyrtyrsteikte bananer til deser. Eg seier bare: Livet er hærlig! 


Videre til det seriøse
Salama, tompoko! Det er tid for å lære basic- ord, for å så lære grammatikk og setningsbygning. Alt er omvendt frå norsk med setningane snudd på hovudet. Svært like ord kjem ein ikkje uten «Vola (pengar), volo (hår), valo (åtta) og vala (gjerdet). Bare ein bokstav frå eller til. Miresaka miadana (å snakka seinare), mihinanan (å studere), mitsangana (å stå) er verb som setningane startar med viss det er i nåtid, men orda skiftar igjen når det er framtid og fortid. Sjølv om gassisk er eitt  logisk språk der alle ord har ein meining, er det ikkje lett å få det inn. Spesielt med den store overgangen frå ingenting skule til fire timar på skulebenken til dagen med språk som aldri har vore mi sterkaste sida.. Det vart mykje snacks for å komme seg gjennom timane, men det skyldtest ikkjæ læraren. Ein fantastisk engasjert  lærar med mykje kunnskapar til å lære frå seg. Alltid glad, og elskar språket sitt.

mandag 17. oktober 2011

Ein del av det nye livet

Å ta fatt i joggeskona
I Madagaskar er det verkelig ikkje ein kvardagskost å jogga. Folk som held på å miste bussen, eller har noko anna viktig ein må rekke, er nok det nærmaste ein kjem. Når eg og Silje skulle gå på joggetur om morgonen i marka, var det ikkje løye at me fekk ein del rare blikk og kommentarar når me i tillegg er kvithuda og blir lagt godt merke til. Det verste var at me ikkje heilt visste kor me skulle jogge hen, så plutselig kom me til vann-groper, eigendommar og møtte på folk som var midt oppi arbeidsøkta si med å dyrke ulike kornslag. Det var litt av ein labyrint me prøvde å finna oss fram i. Våras gode spenst måtte til når me måtte hoppe over store vassdrag på kryss og tvers. Herlig temperatur å jogge i når ein kjem seg opp tidlig nok om morgonen!

Massemord !
Ein kveld me kom heim og skulle lage mat, var ikkje alt som me trudde. Det titta fram ein etter ein. Kjøkkenet var fullt av kakerlakkar. Det var greit med dei små, men når dei gedigne kom fram frå sin skjule-plass, og i tillegg kunne fly vart beina tatt opp på stolane og insektspraya i handa vart tatt i bruk. To heile boksar med spray gjekk vekk på ein liten halvtime. Rommet vart fullt av gass, og me kom ut å herka som om me hadde fått ein kraftig KOLS. Dagen etter låg det minst 40 døde kakerlakkar strødd over på golvet og benken på kjøkkenet. Eitt oppdrag vellykka og fullført. Det gjenstår bare å sjå om det kommer like mange i begravelsen.

Gassisk mat
To tredjedelar ris. Tilbehøret er alt frå blad-stuing til kjøtt og sausar av alle slag. Me har blant anna smakt bønner i ein slags kokkussaus, ein stuing som lignar på mold, men alt godt. "Laoka" blir det kalt, (det som ikkje er ris). Dei fleste innfødte koker maten ute i metallgryter på kol. Å drikke det svidde vatnet frå den kokte risen var overraskande godt.


Ein dag i Tana                                                                                                                                                      Me hadde gått rundt ved markedet og opplevd livet i storbyen. Etter ei god stund, uten å merke noko såg Sigrun med ett tilfelle ned på buksa si. Ett kutt rett inn til huden i bukselumma. Mobilen hennas var forsvunnen. Det er fasinerande kor proffe ein er. Kipt var det, men verre ting kunne ha skjedd. Når me såg ein mobil som var heilt lik på hennas på heimvegen, vurderte me å gå å sjå på bakgrunnen. Det hadde vore litt humor viss me hadde funne han igjen som tjuvegods. Her fekk me ein lærepenge, at me må pass godt på tinga våre. Livet her er ikkje som Noreg!
På veg heim til Sabnam stoppa me for å kjøpe kost, feiebrett og bossbøtte. Vannfilter hadde me kjøpt tidligar. På rekke gjekk me med våre kvarsine ting. Viss me ikkje hadde fått blikk frå før av, fekk me det i alle fall no. Klokka byrja å nærma seg tid for engelsk.klubben, og det merka me meir enn som så. Til nærmare me kom, til fleire og fleire folk var me samla som skulle til samme plass. Når me hadde komt fram var det ikkje lengre me som bar varene sjølv, men gassarane. Dei er virkelig hjelpsomme. Ein merkar at det teller meir med gode vennskap i denne kulturen enn noko anna.


Det er lov å være litt turist også
Me bestemte oss for å gå å sjå palasset til Oscar Rova Ambohimanga. Det tok 3timar å gå bort, (ved å merka i ett gassisk tempo). I ett norsk tempo hadde me kanskje brukt ein og ein halv time. Me gjekk opp igjennom fjellet, og passerte fleire landsbygder før me kom til bilettsjappa. Prisforskjellen her på innfødte og oss var sjokkerande. Me kunne ikkje anna enn å le. Ikkje det at det var dyrt, men for ein gassar kosta det 200ariar for å komme inn, mens me betalte 7000ariar. Når me kom på toppen, såg me over heile Sabnam.

Gassisk kor, korleis er det?
Me joina det gassiske ungdomskoret i Sabnam. Litt seint kom me, men dei første var me fordet. Når det hadde gått ein time byrja det å samle seg opp med folk. Me lærte sangar på gassisk og fransk. Læremåten var å synge tonearten for å lære melodien, før ein lærte lyrikken. Det var underholdning i seg sjølv med bruken av keybordet. Bruken av takten på keybordet med trommer, gjorde det nesten umulig for koret å synge i rett takt.

Flaks eller uhell
Etter ein morosam spelekveld med naboguttane den siste kvelden på Sabnam før språkkurs, hadde me problem med låsen til rommet. Låsen hadde gått i vrange. Nøkkelen gjekk bare rundt og rundt. Det enda med at me måtte slå opp døra, men ikkje nok med det. Når me skulle kjøre dagen etterpå. Etter å ha stabla heile flyttelasse innpå ett anna rom, klarte taxi- sjåføren å komme nedi med bensinpotta så heile potta datt av. Dette er lett med litt uforsiktig kjøring og humpete veg. Stakkar. Med "vaza" inne i bilen i tillegg (utlendingar), gjore det ikkje saken bedre. Det samla seg masse folk rundt, til og med motkjørande taxi-sjåfør med full bil stoppa. Litt stressa kjørte han uten potta, med ein lyd som overdøvte alt. Me såg på heile han at han ville komme seg fortast mulig fram. For det å ha ein grei bil har ein del å sei for gassarane. Me ser aldri ein skitten bil på gata.

Taxi- brusen på veg til Ansirabe for språkkurs
Bagasjen vart heven opp på taket. Eg satt på ett sete som vunga fram og tilbake kvar gang det kom ein sving. Høg stemningsmusikk var på, og me satt tett. Koselig!! Me kjørte forbi brunoransje fossar, marker i trappfasong, Når bussen stopper stårmer det folk mot vindauget med korger på hodet for å prøve å selle ting. Dei opner vindauga og gjer alt for å få nokon kroner. Me kjører forbi ein kvit mann med kamera som står midt mellom ein haug av gassarar. Klær tørkes alle mulige plassar. Ein motorsykelist med kona og eitt lite spebarn i handa suste forbi. Ein anna kom syklande med ein liten på rattet. På endestasjonen samla det seg så mange gassarar at me nesten ikkje kom oss ut. Alle ville gi oss transport. Me kjørte med "Kinga", ein litesn rask bil til misjons centeret, kor me ska befinna oss dei tre nye vekene.  

















søndag 9. oktober 2011

Starten på ein ny verden

Me ser svære fjell ved Alpene, glimt av øyer i Middelhavet, og kystlinja til Afrika. Det er sand å sjå. Frå blå himmel til rosa. Plutselig var alt mørkt. Dette er afrika- time. 

Ein herlig temperatur møtte oss når me tok dei første skritta ut på den eventyrlige øya. Inne på flyplassen møter det oss ein nesten ulevelig varme, med ein kø som nesten ikkje går fram. Ja, tolmodighet er noko me må lære oss! Utanfor står gassarane klare til å hjelpe oss med bagasjen, i håp om å få nokon kroner for det.


Ved å kjøre gjennom humpete, smale sandvegar, kjem me til Sabotsv Name Hana der me skal bu. Alt var stille når me kom fram i tolv- tida om kvelden, sjølv om det bur andre ungdommar der. Bare bjeffing. lyd av gresshopper og andre snåle lydar var tonar som gjentok seg igjen og igjen før me sovna inn under himmelsenga, med andre ord myggnettet som det også går an å kalle det.


 
Første dagen i Sabotsv Namehana, var dagen for å sove frampå. Kokka seks vakna me opp av eitt heilt lyst rom, gjess som skvaldrar, og folk som sprang i korridorane. Lysvakne. Me byrjar å skrattle når me ser kva klokka er. Folk er i full sving, barna leker og foreldra jobbar. Fanging av høner, og litt av kvart. 


Ein vakker solskinnsdag skulle me sitte oss ute i den ydilliske hagen vår for å lese. Me satt oss i den andre enden av hagen enn gjessene oppholdt seg på. Men eg spretter opp nesten med det same, og hyler til. Gåse- mora kjem i den farta mot meg, biter og klenger seg til meg for å skubbe meg vekk. Ja, eg trur me må jobba litt meir for å behalde venskapet som me trudde me hadde !


Her er gjessa i sin fine morsrolle.


Mitt eige lam i hagen, som eg alltid har ønska meg sidan eg var liten.
Livet i sentrum av Sabotsv Namehana var ein god miks av plystring, tuting og bode-snakk. Mødre kom gåande med ammande spedbarn, kurver på hovudet og fulle sekker av salsvarer. Barn gjekk hand i hand i uniform, sprang og hoppa som barn skal gjera. Men me såg også barn som arbeida og var fulle i gjørme, med seriøse fjes og fillete kler. Folk såg enten ned eller såg veldig på oss når me gjekk forbi. Og nokre haldt på å krasje med alt dei hadde i henda sine. Nokon smilte og vinka, mens andre var seriøse. Alle med ein bakgrunn som me ikkje kan tenkja oss til. Sandet gater, og høyr; der kom torneveret, og det varte ikkje lenge før det starta å torna også. Og tru det eller ei, dette var den første dagen med regn dette året!! Bringer me ikkje lykke?  

Varme dagar der ein held på å svette vekk, til plutselig regn og overskya er heilt normalt, men det pleier aldri å komme så tidlig på året. Eg har heller aldri sett så mange rare kombinasjonar av regnhette: badehette, posar, planker er nokon av dei kreative forslaga.

Engelsk- klubben
07.10.11. var første kveld ved engelsk- klubben. Alle reiste seg opp når me kom inn, me var litt seine... Litt pinelig, men dei var så glade for at me kom, sjølv om me øydela samtalen. Dei flytta seg bak og laga plass til oss i ringen, og byrja med ein presentasjonsrunde. Småe barn kom inn innimellom kviskra og fnisa. Ungdommane var svært beskedne, men etter kvart gjekk samtalen igjen. Før me gjekk måtte me ta ein helse runde på alle samen. Dette er vanlig å gjer før ein går. Ein hærlig gjeng som me gleder oss til å bli betre kjent med!

Transportmiddel
Ein vanlig busstur (taxi be) i Madagaskar er ein oppleving i seg sjølv. Setene var maks 30cm breie, og i midtgangen var det vipp opp seter. Så kvar gong nokon skulle av, måtte den som satt i midtgangen reise seg opp og gi plass for av-stigande. Høg lyd av musikk suste i lufta som litt meir enn bakgrunnsmusikk. Sniking i trafikken og råkjøring der det var mulig. Pengar blei sendt bak igjennom folkemengden til dei ansvarlige.

Me såg tre stykk kjøre forbi oss før me kom oss på ein sjølv. På den tida såg me folk som stod bakpå taxi- be`ane mens sjåføren kjørte, sidan det var heilt fullt. Som du sikkert skjønar er ikkje taxi- be àne alt for store, men kjører ofte. Dette er transportmiddelet som me skal bruke framover. 




Basketball på kveldstid
Me joyna tre gassarar. Dei var ganske låge, og me ganske høge. Det er ikkje tull når eg seie at me måtte bøya oss til knehøyde for å ha ein sjangs til å få fatt i ballen. Men raske var dei og, og teknikken hadde dei på plass, så me fekk verkelig kjørt oss.. Det vart mykje latter fra begge kantar. Sjølv om me ikkje forstod så masse, klarte me å ha ein grei komunikasjon og forstod at dei ville spela igjen dagen etter.


Nokon andre som spelte på dagtid. Baskettballbanen er i god bruk.


Dei siste dagene heime


Laurdagen før avreise gjekk det verkelig opp for meg; EITT HEILT HALVÅR VEKKE FRÅ FAMILIE OG KJENTE!!! Avskjedsfest med «god tur» kake og fantastiske folk. Heima vart det planlegging av julafta, då fekk eg dei til å skifte tema fort. Ei kom på døra med verdas beste heimelaga presang. Ulike brev for kvar månad under oppholdet. Etter mange adjos og tårer i augene, var eg og team-maten min klare for nye eventyr. Whææ!!! Adjø Noreg.

mandag 3. oktober 2011

Bilder frå vekene som har gått på Hald

                                                       
Den idylliske Mandal 
På veg til stranda
                                                                         Bålkos
                                                                   Ein tur i nærområde
                                                                          "Blå-tur"
                                                                       Team øvelser.
                                                                Koselig overnattings-tur
                                                            Smykke teknikk fra Uganda
Litt av madagaskar-gjengen
Dei internasjonale mot dei norske
Badetast party
 Avslutningsfest