Me skulle ha den siste veka med språkkurs. På måndagen var me klare til ein ettermiddagsøkt på skulebenken. Men tilfeldigvis kom den danske jenta som hadde føremiddagstimane forbi oss. Ho hadde fått vite at ho sko på reis til Tanzania. Sidan det var helligdag dagen etter (som me heller ikkje viste noko om) vart denne innesperra mellomdagen rett og slett blitt til ein fri dag. Ja det gjekk fint å omkoble hjernen til ein dag med bassenget og massasje frå ei gassisk dame som kom heim til oss om kvelden.
Me måtte utnytte fridagen på det beste. Ved ei sjappe i nærleiken leigde me terrengsyklar til alle mann. Heldigvis for oss hadde me fått me oss utstyr. Det vart eitt tidlig stopp. Lite luft i det eine dekket førte til pumping. Men «push» sa det. Det var ikkje mangel på gassarar som ville hjelpe oss. Av med slangen og på med ny. Det tok ikkje lang tid før mannen som me hadde leigd syklane av også kom tilfeldigvis syklande frå den andre retninga med ein gjeng som han guida. Sidan gassarane ikkje fekk det heilt til, tok han overhand. Men gassarane ville ikkje slippe heilt taket for det om. Alle stod rundt fortsatt og bare haldt i dekket for å hjelpe til. Så det er ikkje farlig å sitte seg fast i ei knipe når det er så mange hyggelige og hjelpsame folk kor hen ein går. Me sykla vidare på sandete og stein- humpete vegar. Til vanleg er det norske tempoet ein del hakk raskare enn det gassiske, men her var det omvendt. Her hadde dei teknikken meir inne. Når me skulle stoppe for å ha ein koselig piknik måtte me bare stappe i oss maten i ein fei for så å sykle. Det kom barn stormande mot oss som vil ha. Sjølv om det er fristande å gi, veit me at det ikkje er lurt. For som oftast fortel ein at ein blir dårlig av maten og krev store pengesummer. Det er trist, men sant.
Den siste dagen med gassisk undervisning kom Eduard ein heil halvtime for seint. Kvar dag hadde han sotte klar å venta på oss når me kom så me skjønte ikkje kva som skjedde. Men han kom, og grunnen hans kan me kalla gyldig. 11sider med repetisjon hadde han skreve til oss. Me fekk også ein gassisk ordbok som han hadde laga, der omtrent halvparten av orda starta på m. Han elskar verkelig språket sitt. Som ein takk laga me lappar med ris, og så måtte han få ein norsk sjokolade.
Silje og eg på nye eventyr.
Gjekk gjennom små byggefelt som var fylt med barn. Dei såg kamera vårt, og alle ville bli tatt bilde av. Var heilt galne, til slutt måtte me bare gå. Når me skulle gå heim igjen spurde me nokon om vegen for å vera på den sikre sida. Men det er ikkje sikkert på gassisk vis. Me blei vist feil veg, men heldigvis kom nokre av dei me spurte springande etter oss og beklaget seg veldig. Dei viste oss vegen, men hadde misforstått igjen. Gjennom smale sidegater gjekk me uten lykter og det byrja å bli særdeles mørkt. «Her er det» seier dei. Det var absolutt ikkje der me budde. Heldigvis følte dei oss tilbake igjen også, for den vegen hadde ikkje vore den smartaste vegen å gå aleine for to «vazaher». Det enda med at me måtte ta «posepose» heim. Stemningsfulle gater. Musikk i dei ulike gatehjørnene, masse folk, faklar og te-lys i bodene. Utanom at me var litt redde, er det verkelig flott å vere ute på kveldstid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar