tirsdag 31. januar 2012

Ein impulsiv tur

Etter innfield skulle eg, Silje, Maria og Sigrun vera igjen nokon dagar i Kenia. Men det viste det seg at to andre jenter frå Hald også skulle. Dei skulle besøke eitt barneheim. Trekvarter før dei skulle dra, vart eg spurd om å bli med. Eg heiv noko med meg og der var me på veg på nye eventyr. Nett som det skulle vore meg og Silje. Få opplysningar men eventyrlystne

Seint på kvelden kom me fram, men blei møtt av ein lykkelig lærarstab. Dei hadde ordna til kvelds til oss med varm te, ris og tilbehør. Kom med varmt vatn i ein stamp, så me kunne vaska henda før me åt. Etter dei hadde presentert seg og holdt oss med selskap mens me åt, vart ho eina med oss ned for å vise oss senga våras. Me blei sittande på sengekanten å prata, før ho ba ein kveldsbønn og gidde oss gode klemmar, smil og latter. -Ein hærlig atmosfære frå første stund.

Skulen låg langt i frå alt. Derfor var me så heldig å få motorsyklar som vårt flotte framkomstmiddel på dei humpette og sandette vegane når me skulle gå rundt for å besøke andre skular.

 






























KENIA- tid for innfield !

Endlig skulle me få møta hald- gjengen igjenn. Glede! Samme dag som me kom frå Ifaty reiste me til Kania. Der møtte det oss europeiske flotte og beine veger. Og på misjonscenteret der me skulle bu var det særdeles norskt. Folk snakka engelsk, som var veldig rart. Var vanskelig å stilla om frå gassisk, så eg brukte fleire gangar gassiske ord når eg skulle sei takk eller unnskylde meg. Men kjekt var det å møte alle igjenn, få nye innputt, dele opplevingar og ikkje minst fere på afrikansk safari.  

Her er connect gjengen samla med eitt utsiktspunkt.
 Me var også å såg på baby elefantar og crasy apekattar som klatra inni bilane, tok viktige papirer og slost om kvarandre. Før eg visste dette ville eg såklart helse på ein av apekattane. Lurt Marte! Det var rett før eg vart ein finger fattigare.

Ved Mathare slummen, og centeret som jobber for å hjelpe heimplassen sin
Fire av studentane frå hald jobber i denne slummen. Me for derfor på eitt lite besøk. Sterke inntrykk. Ein ting var å gå gjennom der, men me fekk også komme inn til ein familie og fekk høyre om deira fortid, framtid og håp. Men det positive inntrykke eg fekk av å gå gjennom slummen var at alle var så glade. Sjølv kor lite dei har, er dei rike på andre områder. Me har så mykje å lære. Dette gjeld også dei frå matharecenteret. Eg ser virkelig opp til dei som jobber der. Dei har klart å komme seg ut av fattigdommen, men vil alikevell bu der og hjelpe heimplassen sin. Med håp og tro kan ein komme langt. Om nokon år vil slummen kanskje ikkje lengre eksistere er deira tankegang.






fredag 13. januar 2012

Natt til 25. reiste me på tur til kysten. Me la oss ikkje den natta. Pakka og drog. Syns synd på sjåføren våras når me bare sov dei seks lange timane før me hadde vårt første stopp. Ville lemurar, bading i fossefall, flott fjelltur og ein nydelig kyst. Dukking, rastafletter, boubob trer og piknik etter ein liten fisketur uten napp. Me nøyt strandlivet. Siste kveld vart det nyttårsfeiring på stranda med dei innfødte som satt å sang, spelte gitar, trommer og munnspel, før me joina 4danskar ut seinare på kvelden. Ein hærlig avslutning på ein flott ferie.

Dette bildet beskriver godt den første dagen av reisa vår. Litt trøtte ja..

Juletreet var me oss frå Sab Nam til kysten. Viss me ikkje fekk nok oppmerksomhet frå før, fekk me det no... Her sov me i bungalov.

In the jungel, the mighty jungel

 
Ville lemurar var noko me såg mykje av. Og eg som alltid vil klappa dyra, fekk også det til..



Me kan sjå kysten. På humpete, sandette vegar kjørte me. Sola byrja å gå ned i havet, og det var så idyllisk som det kunne bli. Her kan me klare å bu for noken dagar.

Her var me på boubob-tre safari. Transportmiddelet var ku og skjerra. Må innrømma at det ikkje var den mest behagelige turen me har hatt, med buskar og trer skrapande inntil oss. Men ein opplevelse var det!


Barn som kom å lekte med oss på stranda. Når me lakka neglene deiras vart dei veldig begeistra. Mest mulig skarpe fargar var tingen.


Me skulle på fisketur. Me fekk heve snøre nedi to gangar før me for inn til ein liten landsbygd. Der kjøpte dei fisk og hummer. Rikelig med god mat dei stelte i stand til oss med masse tilbehør. Dei hadde blant anna steikt to heile fiskar. Ein til kvar. Utanom at dei ikkje ville sitte å ete med oss, var det nesten som å være på dobbel-date.

Den siste dagen me hadde på stranda var me veldig turistar. Sigrun og eg fekk oss rastafletter med fira/ fem forskjellige fargar på strikkane. Det var ikkje mulig å få ein eller to. "Good med mange fargar" fortalte dei. Når me såg oss i speilet fekk me ganske sjokk. Me såg  begge ut som eitt vakkert fyrverkeri. Det vart dermed brenning og klypping av hårt for å få det i litt samme lengde og litt meir nøytralt. Vart heldigvis eitt litt bedre resultat.. Me tok også ansiktsmaska og vart maserte både på magen og ryggen.

Så var det den siste kvelden ved Ifaty. Sjølve nyttårsafta. Det var god stemning, sjølv om glupe meg bestilte det einaste eg ikkje likte på foretten. Bleksprut med ein kvalmande søt lakris smak. Sjølv om eg ikkje liker å kaste mat, måtte dette bli eitt unntak. Godteri til middag er ikkje heilt mi greie.

Me vil takka guiden våras Andry for ein flott og variasjonsfull tur !