Ein herlig temperatur møtte oss når me tok dei første skritta ut på den eventyrlige øya. Inne på flyplassen møter det oss ein nesten ulevelig varme, med ein kø som nesten ikkje går fram. Ja, tolmodighet er noko me må lære oss! Utanfor står gassarane klare til å hjelpe oss med bagasjen, i håp om å få nokon kroner for det.
Ved å kjøre gjennom humpete, smale sandvegar, kjem me til Sabotsv Name Hana der me skal bu. Alt var stille når me kom fram i tolv- tida om kvelden, sjølv om det bur andre ungdommar der. Bare bjeffing. lyd av gresshopper og andre snåle lydar var tonar som gjentok seg igjen og igjen før me sovna inn under himmelsenga, med andre ord myggnettet som det også går an å kalle det.


Ein vakker solskinnsdag skulle me sitte oss ute i den ydilliske hagen vår for å lese. Me satt oss i den andre enden av hagen enn gjessene oppholdt seg på. Men eg spretter opp nesten med det same, og hyler til. Gåse- mora kjem i den farta mot meg, biter og klenger seg til meg for å skubbe meg vekk. Ja, eg trur me må jobba litt meir for å behalde venskapet som me trudde me hadde !

Her er gjessa i sin fine morsrolle.

Mitt eige lam i hagen, som eg alltid har ønska meg sidan eg var liten.

Varme dagar der ein held på å svette vekk, til plutselig regn og overskya er heilt normalt, men det pleier aldri å komme så tidlig på året. Eg har heller aldri sett så mange rare kombinasjonar av regnhette: badehette, posar, planker er nokon av dei kreative forslaga.
Engelsk- klubben

Transportmiddel

Me såg tre stykk kjøre forbi oss før me kom oss på ein sjølv. På den tida såg me folk som stod bakpå taxi- be`ane mens sjåføren kjørte, sidan det var heilt fullt. Som du sikkert skjønar er ikkje taxi- be àne alt for store, men kjører ofte. Dette er transportmiddelet som me skal bruke framover.
Basketball på kveldstid
Me joyna tre gassarar. Dei var ganske låge, og me ganske høge. Det er ikkje tull når eg seie at me måtte bøya oss til knehøyde for å ha ein sjangs til å få fatt i ballen. Men raske var dei og, og teknikken hadde dei på plass, så me fekk verkelig kjørt oss.. Det vart mykje latter fra begge kantar. Sjølv om me ikkje forstod så masse, klarte me å ha ein grei komunikasjon og forstod at dei ville spela igjen dagen etter.

Nokon andre som spelte på dagtid. Baskettballbanen er i god bruk.

Nokon andre som spelte på dagtid. Baskettballbanen er i god bruk.
Spennande:-D Eg kjenne eg blir reisesjuk!!
SvarSlettHar du fått meldingen min forresten? Håpe me kan snakkast på skype snart=)
Stoooor klem frå Kamilla