mandag 31. oktober 2011
Litt meir frå kvardagen i Antsirabe
På veg til den store labyrinten
På stormarkedet var det vanskelig å vite kor ein skulle starte. Det var så mykje å sjå. Kler, kjøkken- ting, sminker og mat. All slags å finne. Eg og Silje enda opp med å finna kvar sinn stråhatt.
Åndelig påfyll må til
Uteliv
søndag 30. oktober 2011
Tid for å bli meir gassiske -språkkurs i Antsirabe !
Me ser masse kvite folk. Ikkje så mange som roper «vaza» til oss, - dei er vant med turistar. Fleire norske barnefamiliar som går i lag på veg ut, og barn som leikar. Me kjem inn til leiligheten. Det er skikkelig golv, som ikkje gir raude fotavtykk etter maling. Me har varm dusj, dyner, peis og masse norske bilder og til og med ostehøvel i skuffa. Internett, donald duck blad og ingen kakelakkar å sjå -føreløbig. Det er nesten som å vera heima i Norge igjen. Me som skulle bli meir gassiske..
Avslapping på høgt nivå. Første dag ved basseng kanten sidan annkomst på Madagaskar. Soling og bading uten like. Sitron i håret for å få lyse striper. Det einaste negative var 5stirrande mannfolk frå resturangen, men slik må ein lære seg å ignorere, for slik kjem ein ikkje uten. Dagen vart toppa med ein fantastisk biffmiddag med fløtegratinertepoteter på hotellet med fyrtyrsteikte bananer til deser. Eg seier bare: Livet er hærlig!
Videre til det seriøse
mandag 17. oktober 2011
Ein del av det nye livet
Å ta fatt i joggeskona
I Madagaskar er det verkelig ikkje ein kvardagskost å jogga. Folk som held på å miste bussen, eller har noko anna viktig ein må rekke, er nok det nærmaste ein kjem. Når eg og Silje skulle gå på joggetur om morgonen i marka, var det ikkje løye at me fekk ein del rare blikk og kommentarar når me i tillegg er kvithuda og blir lagt godt merke til. Det verste var at me ikkje heilt visste kor me skulle jogge hen, så plutselig kom me til vann-groper, eigendommar og møtte på folk som var midt oppi arbeidsøkta si med å dyrke ulike kornslag. Det var litt av ein labyrint me prøvde å finna oss fram i. Våras gode spenst måtte til når me måtte hoppe over store vassdrag på kryss og tvers. Herlig temperatur å jogge i når ein kjem seg opp tidlig nok om morgonen!
Massemord !
Gassisk mat

Ein dag i Tana Me hadde gått rundt ved markedet og opplevd livet i storbyen. Etter ei god stund, uten å merke noko såg Sigrun med ett tilfelle ned på buksa si. Ett kutt rett inn til huden i bukselumma. Mobilen hennas var forsvunnen. Det er fasinerande kor proffe ein er. Kipt var det, men verre ting kunne ha skjedd. Når me såg ein mobil som var heilt lik på hennas på heimvegen, vurderte me å gå å sjå på bakgrunnen. Det hadde vore litt humor viss me hadde funne han igjen som tjuvegods. Her fekk me ein lærepenge, at me må pass godt på tinga våre. Livet her er ikkje som Noreg!

Det er lov å være litt turist også

Gassisk kor, korleis er det?
Me joina det gassiske ungdomskoret i Sabnam. Litt seint kom me, men dei første var me fordet. Når det hadde gått ein time byrja det å samle seg opp med folk. Me lærte sangar på gassisk og fransk. Læremåten var å synge tonearten for å lære melodien, før ein lærte lyrikken. Det var underholdning i seg sjølv med bruken av keybordet. Bruken av takten på keybordet med trommer, gjorde det nesten umulig for koret å synge i rett takt.
Flaks eller uhell
Etter ein morosam spelekveld med naboguttane den siste kvelden på Sabnam før språkkurs, hadde me problem med låsen til rommet. Låsen hadde gått i vrange. Nøkkelen gjekk bare rundt og rundt. Det enda med at me måtte slå opp døra, men ikkje nok med det. Når me skulle kjøre dagen etterpå. Etter å ha stabla heile flyttelasse innpå ett anna rom, klarte taxi- sjåføren å komme nedi med bensinpotta så heile potta datt av. Dette er lett med litt uforsiktig kjøring og humpete veg. Stakkar. Med "vaza" inne i bilen i tillegg (utlendingar), gjore det ikkje saken bedre. Det samla seg masse folk rundt, til og med motkjørande taxi-sjåfør med full bil stoppa. Litt stressa kjørte han uten potta, med ein lyd som overdøvte alt. Me såg på heile han at han ville komme seg fortast mulig fram. For det å ha ein grei bil har ein del å sei for gassarane. Me ser aldri ein skitten bil på gata.
Taxi- brusen på veg til Ansirabe for språkkurs

søndag 9. oktober 2011
Starten på ein ny verden
Ein herlig temperatur møtte oss når me tok dei første skritta ut på den eventyrlige øya. Inne på flyplassen møter det oss ein nesten ulevelig varme, med ein kø som nesten ikkje går fram. Ja, tolmodighet er noko me må lære oss! Utanfor står gassarane klare til å hjelpe oss med bagasjen, i håp om å få nokon kroner for det.
Ved å kjøre gjennom humpete, smale sandvegar, kjem me til Sabotsv Name Hana der me skal bu. Alt var stille når me kom fram i tolv- tida om kvelden, sjølv om det bur andre ungdommar der. Bare bjeffing. lyd av gresshopper og andre snåle lydar var tonar som gjentok seg igjen og igjen før me sovna inn under himmelsenga, med andre ord myggnettet som det også går an å kalle det.


Ein vakker solskinnsdag skulle me sitte oss ute i den ydilliske hagen vår for å lese. Me satt oss i den andre enden av hagen enn gjessene oppholdt seg på. Men eg spretter opp nesten med det same, og hyler til. Gåse- mora kjem i den farta mot meg, biter og klenger seg til meg for å skubbe meg vekk. Ja, eg trur me må jobba litt meir for å behalde venskapet som me trudde me hadde !

Her er gjessa i sin fine morsrolle.

Mitt eige lam i hagen, som eg alltid har ønska meg sidan eg var liten.

Varme dagar der ein held på å svette vekk, til plutselig regn og overskya er heilt normalt, men det pleier aldri å komme så tidlig på året. Eg har heller aldri sett så mange rare kombinasjonar av regnhette: badehette, posar, planker er nokon av dei kreative forslaga.
Engelsk- klubben

Transportmiddel

Me såg tre stykk kjøre forbi oss før me kom oss på ein sjølv. På den tida såg me folk som stod bakpå taxi- be`ane mens sjåføren kjørte, sidan det var heilt fullt. Som du sikkert skjønar er ikkje taxi- be àne alt for store, men kjører ofte. Dette er transportmiddelet som me skal bruke framover.
Basketball på kveldstid
Me joyna tre gassarar. Dei var ganske låge, og me ganske høge. Det er ikkje tull når eg seie at me måtte bøya oss til knehøyde for å ha ein sjangs til å få fatt i ballen. Men raske var dei og, og teknikken hadde dei på plass, så me fekk verkelig kjørt oss.. Det vart mykje latter fra begge kantar. Sjølv om me ikkje forstod så masse, klarte me å ha ein grei komunikasjon og forstod at dei ville spela igjen dagen etter.

Nokon andre som spelte på dagtid. Baskettballbanen er i god bruk.

Nokon andre som spelte på dagtid. Baskettballbanen er i god bruk.
Dei siste dagene heime
Laurdagen før avreise gjekk det verkelig opp for meg; EITT HEILT HALVÅR VEKKE FRÅ FAMILIE OG KJENTE!!! Avskjedsfest med «god tur» kake og fantastiske folk. Heima vart det planlegging av julafta, då fekk eg dei til å skifte tema fort. Ei kom på døra med verdas beste heimelaga presang. Ulike brev for kvar månad under oppholdet. Etter mange adjos og tårer i augene, var eg og team-maten min klare for nye eventyr. Whææ!!! Adjø Noreg.
mandag 3. oktober 2011
Bilder frå vekene som har gått på Hald
Den idylliske Mandal
På veg til stranda
BålkosEin tur i nærområde
"Blå-tur"
Team øvelser.
Koselig overnattings-tur
Smykke teknikk fra Uganda
Litt av madagaskar-gjengen
Dei internasjonale mot dei norske
Badetast party
Avslutningsfest
Abonner på:
Innlegg (Atom)