Natt til 25. reiste me på tur til kysten. Me la oss ikkje den natta. Pakka og drog. Syns synd på sjåføren våras når me bare sov dei seks lange timane før me hadde vårt første stopp. Ville lemurar, bading i fossefall, flott fjelltur og ein nydelig kyst. Dukking, rastafletter, boubob trer og piknik etter ein liten fisketur uten napp. Me nøyt strandlivet. Siste kveld vart det nyttårsfeiring på stranda med dei innfødte som satt å sang, spelte gitar, trommer og munnspel, før me joina 4danskar ut seinare på kvelden. Ein hærlig avslutning på ein flott ferie.
Dette bildet beskriver godt den første dagen av reisa vår. Litt trøtte ja..
Juletreet var me oss frå Sab Nam til kysten. Viss me ikkje fekk nok oppmerksomhet frå før, fekk me det no... Her sov me i bungalov.
In the jungel, the mighty jungel
Ville lemurar var noko me såg mykje av. Og eg som alltid vil klappa dyra, fekk også det til..
Me kan sjå kysten. På humpete, sandette vegar kjørte me. Sola byrja å gå ned i havet, og det var så idyllisk som det kunne bli. Her kan me klare å bu for noken dagar.
Her var me på boubob-tre safari. Transportmiddelet var ku og skjerra. Må innrømma at det ikkje var den mest behagelige turen me har hatt, med buskar og trer skrapande inntil oss. Men ein opplevelse var det!
Barn som kom å lekte med oss på stranda. Når me lakka neglene deiras vart dei veldig begeistra. Mest mulig skarpe fargar var tingen.
Me skulle på fisketur. Me fekk heve snøre nedi to gangar før me for inn til ein liten landsbygd. Der kjøpte dei fisk og hummer. Rikelig med god mat dei stelte i stand til oss med masse tilbehør. Dei hadde blant anna steikt to heile fiskar. Ein til kvar. Utanom at dei ikkje ville sitte å ete med oss, var det nesten som å være på dobbel-date.
Den siste dagen me hadde på stranda var me veldig turistar. Sigrun og eg fekk oss rastafletter med fira/ fem forskjellige fargar på strikkane. Det var ikkje mulig å få ein eller to. "Good med mange fargar" fortalte dei. Når me såg oss i speilet fekk me ganske sjokk. Me såg begge ut som eitt vakkert fyrverkeri. Det vart dermed brenning og klypping av hårt for å få det i litt samme lengde og litt meir nøytralt. Vart heldigvis eitt litt bedre resultat.. Me tok også ansiktsmaska og vart maserte både på magen og ryggen.
Så var det den siste kvelden ved Ifaty. Sjølve nyttårsafta. Det var god stemning, sjølv om glupe meg bestilte det einaste eg ikkje likte på foretten. Bleksprut med ein kvalmande søt lakris smak. Sjølv om eg ikkje liker å kaste mat, måtte dette bli eitt unntak. Godteri til middag er ikkje heilt mi greie.
Me vil takka guiden våras Andry for ein flott og variasjonsfull tur !
Åhh!! Så fantastisk!! Like at dåke kose dåke :) Kunne gitt mykje for å tatt ein liten tur der t altså!
SvarSlettStor klem frå Kamilla