fredag 13. januar 2012

Ja nå er det jul igjen

Etter mykje julebakst, pynting og øving var jula der. Julafta med Sigrun på besøk. Dagen byrja i kyrkja. Pynting og ordning til kvelden. Nynning på askepott sangen mens eg feide golvet. Stemning! Pynta juletreet og blåste ballongar. Heima venta fruktsalat, julekjeks, smash og askepott filmen var lasta ned på hardiscen. Lukten av komlemiddag med bacon, kålrabistappa og biffkjøt var romma kjøkkenet. Juleevangeliet, heimelaga karamellpudding og opning av pakkar under juletreet vart det også, før me skyndet oss til kyrkja med englevinger på slep. Ingen var pynta utanom oss, så det var godt å sjå alle
kormedlemmane i finstasen då me kom fram. Ein sju timar lang gudsteneste. Sang, preik, speidar opplegg og familiesang. Så var det oss. Fira timar long konsert med 24gassiske songar. Endelig fekk me gjennomført julekonserten som vekene før jul stort sett bestod av etter jobb. Eg og Silje som englar på den eine songen i tillegg til gassisk, engelsk og norsk solo + tre dansar. Ein hærlig følelse når me var ferdig halv eitt om natta.












o

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar