tirsdag 31. januar 2012

Ein impulsiv tur

Etter innfield skulle eg, Silje, Maria og Sigrun vera igjen nokon dagar i Kenia. Men det viste det seg at to andre jenter frå Hald også skulle. Dei skulle besøke eitt barneheim. Trekvarter før dei skulle dra, vart eg spurd om å bli med. Eg heiv noko med meg og der var me på veg på nye eventyr. Nett som det skulle vore meg og Silje. Få opplysningar men eventyrlystne

Seint på kvelden kom me fram, men blei møtt av ein lykkelig lærarstab. Dei hadde ordna til kvelds til oss med varm te, ris og tilbehør. Kom med varmt vatn i ein stamp, så me kunne vaska henda før me åt. Etter dei hadde presentert seg og holdt oss med selskap mens me åt, vart ho eina med oss ned for å vise oss senga våras. Me blei sittande på sengekanten å prata, før ho ba ein kveldsbønn og gidde oss gode klemmar, smil og latter. -Ein hærlig atmosfære frå første stund.

Skulen låg langt i frå alt. Derfor var me så heldig å få motorsyklar som vårt flotte framkomstmiddel på dei humpette og sandette vegane når me skulle gå rundt for å besøke andre skular.

 






























1 kommentar:

  1. Åå, så fantastisk Marte! Du e så tøff:-D Eg glede meg sånn t å hørra om alle inntrykk og opplevelsar. Eg synes forresten da bilde av dei to ungane som holdt rundt kvarandre va heeeeeeilt NYDELIG! Åh.
    Eg e glad i deg!
    Bjørneklem!

    SvarSlett