Arbeid på young centeret. Her består arbeidet av å leke og ha det morro. Ein så hærlig gjeng. Det som er mest utfordrande her er språket, men heldigvis kom det nokon som kunne litt engelsk etterkvart. Læring av gassisk spel, fiksing av hår og photo shoot. Når eg tok fram kamerat vart dei heilt galne. Så mange pousar som det har eg aldri sett før. Å slå hjul rundt hoppestrikk og dansing i midten for taparen, er noko som også er populært. Matlaging, styrketrening, hipp hopp dansing, song og handarbeid er noko av det me skal ha vidare framover med dei.
Som engelsklærarar er poenget å få dei til å snakka. Storsett finner me på lekar og spel som inneberer dette. Stigespelet med engelske oppgåver, hengmann og fantasi er nokon av ideane me har hatt til no. Me ha to klassar. Den eine større enn den andre. Me merkar at det er krevjande å vere lærarar. Det treng mykje førebuing. Når dei i tillegg ligg på svært ulike nivå, er det vanskelig å finne oppgåver som passer til dei alle. Det er ofte vanskelig å få dei til å snakke, men med morsmålet sitt er det ingen problem. På nokon områder merka me at disiplinen er forskjellig frå skuleklassar i Noreg. Det er ein sjøvfølge at elevane vaskar av tavla og at ein står oppreist når me kjem. Noko som er litt spesielt er at når me førebur oss til timane våras sit me å ser ned på elevane våras. Me bur nemlig på området der skulen er. Dei kjem støtt og stadig oppom til oss for å låne ein volleyball/fotball eller basketball. Er litt sjenerte og stussar med å komme inn, men etter litt fnising i gangen banker dei på. Når me har fri og andre underviser dei, sitt dei ofte på verandaen våras. Dei tittar inn vindauget, mens me ryddar opp i rotet og lager middag.
I barnehagen er det sju klassar frå 2-10år i eitt bittelite bygg. Den første gongen me kom der hadde me med oss eitt heimelaga memori- spel. Gassiske ord og bilder til orda. Me hadde øvd oss på forhand slik at me kunne orda. Ja, me er på same nivå som barna. Barna hadde god disiplin, reiste seg opp og sa «god dag lærar» då me kom. Å lære dei «hode, skulder kne og tå» på engelsk, sette halen på grisen og å brette båt er noko me har gjort til no.
Når det gjeld døveskulen er det dagen for å slappe heilt av. Null stress. Det trengs verkelig ikkje noko førebuing til denne undervisninga, når me slepp å snakke gassisk. Ein engasjert gjeng, men litt dårlige taparar. Det vart leiking ute og inne. Det var så skjønt når elevar frå andre klassar kom inn av det blå og gidde oss klemmar. Ein fantastisk plass. Litt småord av teiknespråk lærer me frå dei innimellom.
KRISK, engelskklubb og studiedag er det me har utanom. På KRISK er det me som har ansvar for å sette dei i gang og ha andakt på gassisk. Det blir helst ball -sport, sidan dei ikkje er så begeistra for leikar. Andakten blir skreve ned og lest så godt som me kan få til. I tre timar held me på. Ved engelskklubben som er rett utanfor huset vårt er me tre gangar i veka. Me er så heldige som får vere ein del av dette fantastiske programmet og atmosfæren blant alle dei hyggelige folka. Lovsong og leik/ bibelstudiet/ eitt spesifikt tema er innhaldet for dei tre kveldane. Dette fellesskapet som ein har hær er heilt unikt. Barn frå 10år og oppover til over 20. Det einaste som er litt dumt er at det bare er dei same som snakkar om og om i gjen. Mange har for få ord til å få sagt det dei vil.
Kyrkja- våras andre heim
Gudstenesta på søndagen varte frå ni om morgonen til litt over eitt på føremiddagen. Midt under gudstenesta blir det sal av kaker. Nattverd og dåp foregår på same måte som i Norge, men sidan kyrkja er heilt stappfull av folk, går det ein del lengre tid. Når kunngjeringane kommer er det ikkje stille i kyrkja lengre. Folk pratar som om det ikkje skulle vart noko anna som foregjekk.
Etter gudstenesta er det kor frå tre til seks. Me bur rett og slett i kyrkja i helgene, og meir skal det bli. No når det nærmar seg jul blir det ekstra mykje øving til julekonserten. 24 songar skulle dei synge, og det var ikkje lov å ha med tekst. Me tenker å prøve å få det til, men det er langt i frå sikkert om det går. Godt me har privatlæraren Tomas. Me har vore med på ein konsert til nå og då var det tre songar med papira foran oss.
Serværdighetar:
Me besøkte dyreparken i Tana. Alle dyra var i bur, og det var ikkje lov å gå inn til dei. Men våras gode gassiske venn spurde fint om me kunne få komma inn til lemurane. Med litt etter-sjåing om nokon såg han, fekk me smette inn. Me gidde dei mat ved å dyppe fingeren i honning. Dei kom springande ut å slikka det av. Heilt fantastisk søte. Når me skulle ut igjen måtte vakta sjekke opp til fleire gongar om sjefen var komen. Me klarte å smyge oss ut, uten å bli sett.
Meir gassisk enn dette kan ein ikkje bli:
Eitt av måla våras for opphaldet vårt var å kjøpe og drepe ei høne. Lage middag av den og ete den etterpå. Me hadde Hellisoa med oss på markedet. Etter beina berte me vår kvar sin høna heim. Plutselig byrja dei å sprelle og gaula, me skreik. På kjøkkenet måtte det skje fort. Kniven over nakken. Blodet spruta over heile kjøkkenet. Nipping av fjæra, sortering av innvolane og filtering. Det vart laga kyllingsuppe med dei beina som det nesten ikkje var kjøtt på. Var godt, når ein ikkje tenkte på episoden tidligare.